PT THUNEM

Oktober: Poster delt på instagram

25/10/2019

 
View this post on Instagram

□□ Eg har enorm respekt for dei som prøver . Og feiler . Men kva er eigentleg å feile? . Og kva gjer vi i etterkant? . Av og til må vi berre stupe i det. Gjere ting vi ikkje er komfortable med, fordi moglegheiten er der . Rett framføre oss . Vi kan kalle det «the window of opportunity» . Ein moglegheit som er der for ein begrenset periode . Det kan være ein situasjon eller livshendig som oppstår . Som gjer deg handlingslaus og snevrer inn moglegheitene . Eller som . Skaper nye moglegheiter eller der du kan være løsningsorientert . I staden for å være destruktiv og giddalaus . Det blir ein reaktiv måte å handle på . □ Du har blitt sjuk og får ikkje trent □ Du kan implementerer andre vaner i din livsstilsendring . □□‍□ Du er ferdig utdanna □ Du står fritt til å reise meir . □□‍♂️ Du tryna i skogen og brakk arma □ Der er mansjetter tilgjengelig på treningsstudioet så du får trene . □ Du hadde ein business idé som feila □□ Du prøvde i alle fall! Og du kan ta lærdom av det. Kanskje det berre er finjustering som skal til? . Think about it! . Men ikkje for lenge . #ptthunem #trening #mindset #positivity #coach #training #healthylifestyle #norge #portrait #portraitphotography #coaching #norway

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 2, 2019 at 3:09pm PDT

View this post on Instagram

□□‍♀️ Single leg Straight leg hip bridge . Langt og knotete navn for ein øvelse som utfordrer bakside lår distalt . Den kan gjerast med større leddutslag, men her demonstrert for å bedre leddspesifikk kraftutvikling . □Dette er ein øvelse ein må prøve for å skjønne . Ein fin fin øvelse for å styrke bakside lår . Også greit for deg som vil utfordre deg og teste noko nytt . □Kom deg Above the clouds, som Gang Starr . #ptthunem #styrketrening #gains #lifting #hamstrings #sports #verticaljump #exercisetips #norge #sprek365 #norway

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 15, 2019 at 1:26pm PDT

View this post on Instagram

□‍♂️Før eg bestemte meg for å jobbe som personleg trener vurderte eg å gå media & kommunikasjon, foto eller på ein kreativ fagskule . □□‍□ Det eg digger med jobben min er alle utfordringane ein møte på, og kor kreativ og løsningsorientert ein kan være . Om eg skal nevne ein eigenskap som har gjort meg godt i forhold til jobben min så er det å kunne lytte . Være åpen . Ta til seg . Eg har to motto . «...at der sitt sikkert ein mann i kazakhstan som veit 10 gonger meir enn meg» . «Eg kan lære noko av alle eg møte på» . Det eg meiner med det er å ha eit åpent sin, ha øyrene og augene opne . Om det er frå klienter, andre i bransjen, andre bransjer . Kjente, ukjente . Der er alltid tips å plukke opp, som ein ser, som ein høyre . □□Ha ein fin helg, folkens . #ptthunem #trening #coach #coaching #mindset #ydmyk #norge #lifting #nba #basketball #training

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 17, 2019 at 11:34pm PDT

View this post on Instagram

□ Sånn seriøst . Dette er ein liten pet peeve eg har . ✋ Sånn eigentleg går det på at du må eksponere deg for ting du ikkje er van med . Som å lage mat frå grunnen av . □Det trenger ikkje å være Michelin-standard. Du trenger heller ikkje å lage sceneshow med banjo eller gjere nokre J.Lo moves at med tallerken . □Sjølv om det hadde vore sjukt sexy . Det trenger heller ikkje å ta lang tid, eller være dyrt . Dette er heller ikkje eit innlegg som setter mat i bås . □Det går heeeeeeilt fint å ta seg noko ferdigmat i ny og ne . Men du må berre gi det eit forsøk . Fordi du er kapabel . Og du kan lage mykje godt på relativt kort tid som ikkje koster skjorta . Du må berre hoppe ut i det . #ptthunem #kosthold #livsstilsendring #trening #kost #norge #satselixia #trening #coaching #onlinecoaching #ernæring

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 20, 2019 at 11:34am PDT

View this post on Instagram

□ Når eg fyrst har fått ein push-ups variant oppkallet etter meg så er det kanskje greit å trene den? . Tidlegare har eg køyrt: . • Push-ups på stativ Ein fin variant, men når det begynner å bli verkeleg tungt, kan det fort bli upraktisk. Mitt beste løft er 7 reps på 70kg . • Push-ups med strikk og vekter Jamn belastning gjennom heile løftet, men blir upraktisk på sikt da du alltid må ha nokon som legger vektene på ryggen . □ Dagens push-ups blei køyrt etter dobbelt pyramide med Smalbenk . Med 2x i veka går eg ut i frå at styrken kjem seg raskt i denne varianten. Spesielt med den tidlegare push-ups styrken tatt i betrakning. Grepet er litt smalare da eg har som fokus å få opp tricepsen min . Dagens set: 8,8,6 . □Push it to the limit som Engemann . #ptthunem #trening #training #pushups #calisthenics #norway #satselixia #exercisetips #onlinecoaching #coach

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 23, 2019 at 1:20pm PDT

View this post on Instagram

□ Sissy squat eller Tå-bøy er ein ekstremt undervurdert øvelse . Dette er ein av få øvelsar du kan isolere den rette lårmuskelen (m.rectus femoris) . □Denne øvelsen er sett på som ein nisjeøvelse for fysikksport, men den er så mykje meir enn det . I idrett/sport som vil involvere mykje hopp og landinger, stilles det store krav til knærne og muskulaturen rundt, og sissy squat er glimrande for å gjere deg meir robust . Som ved alle andre øvelser så må den tilpassast enkeltindividet, så i denne posten har eg postet nokre varianter du kan ta i bruk for å jobbe deg gradvis ned mot golvet . Du kan starte med å bruke så mange stepkasser som må til for at du skal kunne utføre den med så utstrekt hoft som mogleg, samt holder balansen under utførelsen . Start med å være konservativ i starten med bevegelsesutslaget . Her kan du til dømes køyre ein høgd du er komfortabel med, får å så deretter belaste gradvis med vekter . Vidare kan du gå over til å bruke bosuball som gjer at du får litt meir ROM, samtidig som du får litt hjelp i bunnposisjonen . Neste steg her i frå er å køyre til golvet . Støtteøvelser som kan være nyttig er øvelsar som bedrer ankelmobiliteten, og ikkje minst direkte trening av Tibialis anterior . □□Atletisk utvikling. Bygge lår. Tendinitt problematikk. Øvelsen kan implementerast i mange samanhenger . #ptthunem #sissysquat #quads #athlete #rehab #prehab #norway #sprek365 #trening #training #gains #exercise #exercisetips #onlinecoach #coaching

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 4, 2019 at 3:31am PDT

View this post on Instagram

□ I jungelen med informasjon så er det greit å forenkle ting . Styrketrening trenger ikkje å være så vanskeleg. Spesielt ikkje for ein nybegynner . Også kan det være greit å ikkje bite over for mykje i starten . Alle er skrudd saman forskjellig, så det er viktig å sette pris på at enkelte trenger litt tid på å implementere nye vaner i kvardagen . Ikkje la det være for overveldende . Det handler om å være klar og mottakeleg . Og det er heilt greit! Det er lett for oss som coacher å tenkje «optimalisering» i hytt og gevær, men alt til sin tid . □□Ha ein god helg, folkens . #ptthunem #trening #coaching #training #onlinecoaching #gains #lifting #norge #satselixia #norway #vektnedgang

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 12, 2019 at 12:56am PDT

View this post on Instagram

? Det evige jaget etter nåla . Fokuset er snevert og tilnærminga er midlertidig . Fordi ein skal rekke noko, fordi ein skal sjå ut som nokon . Ein følgjer noko blindt, lite baktanke over handlingane. Handlingsmønsteret . Blindt . Bevisstlaust. . Ein bevistlaust kvardag . Vaner, atferd, sinnstemninger . Enten eller . 9/10 av dei som går ned i vekt går opp samme vekta, om ikkje meir ved endt diettforløp . Det du kan trøyste deg med er at den 1/10 som lykkes med å vedlikeholde ein ny kroppsvekt har vore blant dei 9/10 tidlegare . Ein går frå å være bevisstlaus til bevisst . Ein lar fysisk aktivitet være ein del av kvardagen fordi det gir, i staden for at du må og forventes eksternt . Usikker, trist, sint, sliten, kjedsomhet . Ein tenkjer over, responderer, gir seg sjølv løsninger og endrer handlingsmønster . Du må ta grep som kan være veldig annerleis enn kva du er van med, men det er heile essensen med å gjere ein forandring . Du må bryte opp i eit gammalt spor du har tråkka deg fast i . Det trenger ikkje å være ekstremt, ein trenger ikkje nødvendigvis å ekskludere, men ein må ha ein forståelse korleis kvardagen påvirker deg, du begynner å sette pris på dei små seierane og begivenhetane kvardagen har å by på, tilegner seg nye vaner og har folk du er glad i ryggen . Fordi det er jo ein prosess. Det kan ta tid . Men gir ein seg sjølv tid, fordi det er jo ikkje noko kappløp dette . Sånn eigentleg . Så skal du sjå . At du er SJUKT kapabel . #ptthunem #trening #kost #vektnedgang #livsstil #norge #helse #mindset #training #onlinecoaching #coaching

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 16, 2019 at 2:11am PDT

View this post on Instagram

✋ God helse består av ein rekke faktorer . Der eit problem kan være samansatt, så kan løsningane være det same . Det eine kan føre til andre . Du er i dårleg fysisk form (fysisk helse), du sliter med å håndtere problemer i kvardagen (mental helse), du lar frustrasjonen (emosjonelle helsen) gå utover folk rundt deg (miljøet/familie/venner), noko som gjer at det holde kontakt kan være vanskeleg (relasjoner) og du begynner å stille spørsmål om kvifor kvardagen må være som den er (eksistensen) . Der det kan skje ein domino-effekt av negativitet som påvirker den totale helsen din, så kan det også gå andre vegen . □Du begynner lett med å gå turer. Tar nokre økter i veka på treningsstudioet . «Det var ikkje så værst. Eg er i bedre form» (fysisk helse) . Du kjem heim og er løsningsorientert. Du føler deg bra. (Mentale helsa) . □ Du blir nesten flau over deg sjølv over alle små problem du tidlegare har klikka over. Du håndterer «situasjoner» bedre (emosjonell helse) . «Veit du kva? Å legge til litt meir grønt og proteiner i kvardagen var ikkje så vanskeleg allikevel» . Det blir plutseleg lettare for deg å ta kontakt med kompisar og folk vil være rundt deg (miljø & relasjoner) . □□ «Fader, eg digger korleis livet er» (eksistens) . #ptthunem #trening #livsglede #helse #mentalhelse #training #norway #satselixia #coach #onlinecoaching #norge

A post shared by Hans Emil T.Thunem (@pt_thunem) on Oct 22, 2019 at 9:57am PDT

0 Comments

Kosttilskudd - Fallgruvene du ikkje tenkjer over!

9/10/2019

 

BIG BUSINESS!

Kosttilskudd er stor business på verdensmarkedet. Tusenvis av ulike tilskudd er å finne på markedet i dag, og globalt snakker vi om ein omsetning på overkant av 132 milliarder, der ein forventer salget skal bikke 200 milliarder årleg innan 2022.

Så kva er kosttilskudd eigentleg?

Mat, ein matkomponent, eit næringsstoff eller ikkje-mat forbindelse som er tilsatt målrettet i tillegg til det vanlige konsumerte kostholdet med mål om oppnå ein spesifikk helse og / eller ytelse fordel.

-
Maughan RJ,
Burke LM, Dvorak J,
et al. Br J Sports Med 2018;52:439–455.

Kosttilskudd kan være:
  • Funksjonellmat, mat beriket med ekstra næringsstoffer eller komponenter utenfor deira typiske næringssamannsetning (f.eks. mineralforsterka og vitaminforsterka, så vel som næringsberika matvarer)
  • Formulert mat og sportsmat, produkter som leverer energi og næringsstoffer i ein meir praktisk form enn normal mat for generell ernæringsstøtte (f.eks. erstatning i form av flytande måltid/måltidserstatter) eller for målretta bruk kring trening (f.eks. sportsdrikk, geler, barer)
  • Enkelt næringsstoffer og andre komponenter i matvarer eller urteprodukter levert i isolerte eller konsentrerte former.
  • Produkter med flere ingredienser som inneholder forskjellige kombinasjoner av dei produktane som er beskrevet over, målretta mot lignende resultater.
    Kjelde: (
    Maughan RJ, Burke LM, Dvorak J, et al. Br J Sports Med 2018;52:439–455.)

Kvifor bruker vi kosttilskudd?

Det kan være mange grunner til at vi velger å ta bruk kosttilskudd. Ser vi bort frå effektiv markedsføring gjennom reklame og promotering gjennom høg-profilerte personligheter og idrettsutøvere, så kan hovudgrunnene bak motivasjonen for bruk være å:

  • Bedre helse og korrigere mangler.
  • Auke prestasjon.
  • Auke fettforbrenning og vekttap.
  • Auke styrke og muskelmasse.

Når det kjem til idrettsutøvere, så kan bruk også komme av:

  • Sponsing.
  • Fordi andre utøvere bruker det.
  • "Det kan være at det funker og kva har ein å tape?"
  • Ei tru på at du MÅ bruke tilskudd for å være på toppnivå.

Denne nonsjalante og noko naive tiltrua til supplementering kan ha følgende konsekvensar:

  • Du får i deg stoffer som kan være helsefarleg.
  • Du blir utestengt fra din sport/idrett.
  • Du kaster bort pengane dine på produkt utan evidensgrunnlag som ikkje
    kan dokumentere effekt/gi effekt.

Utestengt? For bruk av kosttilskudd?

På vegen til å bli best er det ikkje uvanleg at enkelte er villige til å gå ganske langt for å komme seg på
eit høgast mogleg nivå. Det gjer at alt som kan være med på å auke nivået gjennom tilskudd vil være "verdt det" om det gir ein liten ekstra fordel i trening og konkurranse samanheng.

  • Produkter som kan hjelpe på søvn.
  • Produkter for å bedre restitusjonsevnen.
  • Produkter for å bedre årvåkenhet og kognitiv ytelse.
  • Produkter for å bedre fysisk ytelse.
  • Produkter som virker beroliggande og angstdempande.

Tilgjengeleg data i dag kan vise til at 40-70% av alle profesjonelle atletar bruker kosttilskudd. Det i seg sjølv er ikkje noko problem ved seg. Det som derimot er skummelt er at opp mot 10-15% av kosttilskudd kan inneholde forbudte stoffer. Ikkje nok med det, over 80% inneholdt ikkje det som stod på næringsdeklarasjonen.
(Outram et.al 2015)

Korleis bør eg gå fram?

Under vil eg gi konkrete tips til korleis du bør gå fram om du skulle gå for eit kosttilskudd eller vurderer bruk.


  • Fyrst og fremst søk råd frå profesjonelle med utdanning. Den naturlege framgangsmåten vil være å gjere klart for seg om bruk av kostillskuddet vil gi nokon fordel og om der ikkje er moglege matalternativer.
  • Sjå etter tredjepartssertifisering. Dette er derimot ingen garanti at produktet er trygt eller fritt for forbudte stoffer. Men det er ein kvalitetsikring. Døme på tredjepartssertifisering: Informed sports. 
  • Om kosttilskuddet du har som formål å bruke ikkje er kvalitetsikra av ein tredjepart, sjå om du kan finne eit tilsvarandre produkt som er sertfisert eller eit matalternativ som du kan bruke.
  • Om dette ikkje er mogleg, sjekk dopinglista. Du vil også kunne finne liste over forbudte ingredienser på usada
  • Her må du vidare sjå etter raude flag:
  1. Produkter der forbudte ingredienser er oppført på næringsdeklarasjon.
  2. Produkter som er i kategorien kroppsbygging, vektnedgang, pre-workout eller som er i kategorien seksuell forbedring.
  3. Der er helsevarsel eller advarsel på produktet som presiserer at produktet kan være bannlyst frå enkelte sporter.
  4. Produkter som lover gull og grønne skoger og som skal kurere sjukdom (forkjølelse, gikt, diabetes til dømes).
  5. Produkter som hevder dei er naturlege, men har liknande effekt som forbudte stoffer.
  6. Produkter som hevder dei er godkjent av WADA (World Anti-Doping Agency) eller USADA. Desse organisasjonane godkjenner ikkje produkter.
  7. Produktet viser ein egenutvikla blanding eller inneholder varemerkebaserte ingredienser, men du kan ikkje finne god informasjon om ingrediensane.
  8. Overdreven markedsføring og falske løfter.

Kjelde: https://www.usada.org/athletes/substances/supplement-411/recognize-risk-when-you-see-it/

Flytskjema for bruk


Fyrst og fremst - bli god på det grunnleggande!

If it works it is probably banned and if it isn’t banned it probably doesn’t
work!

- Prof. Ron Maughan
Der er mange tilskudd i dag som har veldokumentert effekt. Kreatin monohydrat, koffein, Omega 3 og Vitamin D er alle gode døme på tilskudd som kan dokumentere til positive effekter kring både helse & prestasjon.

Bruk av kosttilskudd krevst kontekst, men på eit generelt grunnlag uavhengig om det er den vanlege mannen i gata eller idrettsutøvere, så er det ikkje tilskudd som danner grunnlag for god helse og prestasjon. Her er det andre faktorer som er langt viktare.

I infografikken lånt frå Iraki Nutrition vil du sjå ein "Kostpyramide" over kva som vil utgjere mest og kva som bør prioriterast. Kosttilskudd vil alltid være ein nyanse i det store bilete, og dei fleste har meir å hente på både helse og prestasjon gjennom å danne eit godt fundament gjennom kosten og dei daglege vanane sine i kvardagen.

Når det er sagt, så kan kosttilskudd for prestasjon potensielt gjere at det blir gull framføre sølv når det verkeleg gjelder når andre faktorer er lik.

Picture

Konklusjon

Før du tar i bruk kosttilskudd er det ein heil rekkje spørsmål som du må stille deg sjølv før du tar i bruk eit kosttilskudd.
Denne vurderinga bør være evidensbasert da det kan ha alvorlege konsekvenser for deg som atlet på utøverplan og sett frå eit helseperspektiv.

Nokre enkle spørsmål du kan stille deg sjølv:
«Har eg kost & søvn på stell?»
«Er der evidens bak produktet?»
«Kan produktet være skadeleg for helse eller prestasjon?»
«Kan eg få i meg tilstrekkeleg av desse ingrediensane gjennom normal kost?»
«Inneholder produktet ulovlege stoffer?»
«Er forhandler for produktet truverdig?»
«Er det verdt pengane?»

Eg har lyst til å lære meir, kvar kan eg lese meg opp?

Anti-doping Norge

Dopinglista

USADA

Informed sports
0 Comments

    Forfatter

    Hans Emil T.Thunem:

    Evidens basert personleg trening, Noreg.  Lidenskap for kost, trening, prestasjon og helse. 

    Alias: PT Thunem

    Arkiv

    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    January 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    June 2019
    May 2019
    April 2019
    July 2018
    August 2017
    March 2017
    February 2017
    September 2016
    August 2016
    May 2016
    April 2016
    March 2016
    February 2016

    RSS Feed

Website by Portalia AS
  • Forside
  • Kundeerfaring
  • ONLINE PT
  • #kunnskapgains
  • Om meg
  • Forside
  • Kundeerfaring
  • ONLINE PT
  • #kunnskapgains
  • Om meg